Det er NRK Vestland som melder saka.

Dei tre sikta, som nektar for å ha gjort noko gale, er no sleppt fri ettersom det ikkje lenger ligg føre fare for at bevis skal bli øydelagt.

Ifølge Askel Rødland, straffesaksansvarleg i Sogn og Fjordane, har politiet sikra fleire filmsnuttar og snappar frå ulike tidspunkt den aktuelle kvelden.

– Vi har sikra eit ganske stort materiale, og det krev ganske mykje å gå gjennom alt dette, seier Rødland til NRK.

Valdtekta skal ha skjedd tilknytt eit uteområde. Politiet har også avhøyrt over 30 vitne så langt, men har framleis fleire igjen å snakke med.