Uhellet har skjedd på rv. 15 ved Nordfjordeid.

Det har vore to personar involverte i trafikkuhellet.

– Det er noko trafikale problem på staden, opplyser opererasjonsleiaren.

Naudetatane er på staden.

– Ulykka har skjedd ved Ytre Skårhaug. Eitt køyrefelt er stengt, opplyser Statens vegvesen.

Klokka 08.00 opplyser vegvesenet at at dei truleg vil klare å opne køyrefeltet igjen om ein to timars tid.

– Men dette tidspunktet kan endre seg undervegs.

Politiet dirigerte trafikken på staden.

Bilbergar blei bestilt.

– Vegen er rydda og det er fri ferdsel, opplyste Statens vegvesen klokka 09.03 fredag morgon.