– Vi bur i eit distrikt der det ofte er lang veg til næraste veterinær, så det er lurt å ha litt grunnleggande kunnskap om førstehjelp og viktige undersøkingar ein kan gjere heime før eller når ein snakkar med veterinær, seier leiar Ranveig Isene i Vågsøy Hundeklubb til Fjordenes Tidende.

Måndag prøver dei seg altså på å få arrangert førstehjelpskurset igjen.

Til kurset kjem veterinær Anne-Marte Grotle Røys og ein av tinga ho skal snakke om er korleis ein som hundeeigar kan handtere akutte situasjonar.

– Vi går gjennom ting som huggormbit, forgifting, sår og kuttskadar, bittskadar og akutte sjukdomar eller tilstandar som krev umiddelbar veterinærhjelp, seier isene.

Ein vil også få råd om utstyr som er fint å ha heime, og det blir moglegheit til å stille spørsmål. Kurset vil også ha ein praktisk del med demonstrasjon av hjarte- og lungeredning, sårstell og bandasjering.