– Dette er eit stort prosjekt for å styrke og vidareutvikle fiskeri- og havbruksnæringa i heile fylket, og då må vi ha politisk støtte for å få realisert planane våre. Det er veldig viktig at politikarane bidrar til å få realisert dette prosjektet, seier dagleg leiar Randi Paulsen Humborstad i Måløy Vekst.

Oppstart i haust

Onsdag skal Måløy Marine Ressurssenter presenterast for fylkespolitikarane på politikardag. Styringsgruppa er i avslutningsfasen på forprosjektet, og i midten av juni er det venta at ein går over i ein hovudprosjektfase. Målet er å gå i gang med senteret i haust.

– Vi treng no støtte frå fylket. Vi jobbar med ein gjennomførings- og finansieringsplan, og vi planlegg å etablere senteret i haust. Det vil sjølvsagt krevje investeringar, og det er noko vi jobbar med på fleire frontar, seier Humborstad.

Måløy Marine Ressurssenter har allereie fått tildelt 400.000 kroner i støtte til forprosjektet, og som Fjordenes Tidende tidlegare har skrive er fiskeriminister Per Sandberg (Frp) svært positiv til planane om eit marint ressurssenter i Måløy.

– Det har lenge vore peika på at vi manglar eit marint FoU-miljø i Sogn og Fjordane, seier Humborstad, og fortset:

– Fylkeskommunen har kome med ein strategisk plan for kysten der ein ønsker å auke skaparkrafta og evna til nyskaping. Planen legger stor vekt på auka samarbeid mellom næringslivet og utdanningsinstitusjonar. I tillegg har fylkeskommunen Verdiskapingsplanen med ei eiga satsing innan sjømatnæringar. I denne planen blir det trekt fram at Sogn og Fjordane ikkje har eit bransjeretta kompetansemiljø med tyngde eller kapasitet innan marin næring, og at dette må både næringa sjølv og det offentlege apparat i fylket ta grep om, seier Humborstad, som fortel at ho har fått positive tilbakemeldingar frå politikarar ho har vore i kontakt med om ressurssenteret.

Vil støtte senteret

Nyleg var ordførarane i Eid, Selje og Vågsøy invitert til Ecobait sine lokal i Barstadvika for å høyre om planane knytt til eit marint ressurssenteret i Måløy.

– Eg blir imponert over entusiasmen og pågangsmotet til folket som står bak planane. Dette kan bli eit stort regionalt prosjekt der ein kan få auka kunnskapen innan marin sektor, og det er spennande, seier Selje-ordførar og leiar for fellesnemnda i Stad kommune Stein Robert Osdal (KrF).

Han får støtte frå ordførarkollega i Eid, Alfred Bjørlo (V).

– Dette er ei enormt spennande satsing som kan få større ringverknadar enn det vi ser no for heile regionen. Det handlar om å bygge opp eit FoU-miljø innanfor eit område der ytre Nordfjord har heilt spesielle føresetnadar for å lukkast.

Bjørlo og Osdal er begge samde om at dei vil støtte prosjektet i arbeidet inn mot fylket.

– Det er det ingen tvil om at vi vil. Eit litt artig og viktig poeng er at Eid har vore med å finansiere forprosjektet gjennom næringsfondet i Nordfjord Vekst-perioden. Eid og nye Stad kommune «backar» dette prosjektet 100 prosent, også inn mot fylket, seier Bjørlo.

Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) deler entusiasmen knytt til eit marint ressurssenter.

– Dette er heilt i tråd med korleis vi tenker næringsutvikling, og vi håpar fylkeskommunen vil støtte dette. Det er noko vi i Flora absolutt vil vere med å jobbe for. Dette er noko som næringsselskapet i Flora har jobba med, og ein har snakka saman om korleis ein kan utvikle eit senter. Dette er ei positiv sak for heile den nye kommunen, understrekar Teigen.

– Vil auke attraktiviteten

Dagleg leiar i Ecobait AS, Ole Petter Humborstad, trur Måløy Marine Ressurssenter vil bidra til å gjere bedrifta hans og Måløy meir attraktiv.

– Om ein får på plass Måløy Marine Ressurssenter vil det bety at Ecobait kan bli ein del av eit lokalt FoU-miljø, i staden for å operere aleine. Eit slikt miljø vil også gjere Ecobait meir attraktiv med omsyn til både forsking og rekruttering, seier Humborstad.

Ecobait AS er eigd av store delar av norsk line- og autolinenæring og driv med forsking på agn for line og teine. Selskapet har base i Måløy og har mellom anna eit tett samarbeid med Noregs miljø- og biovitskaplege universitet i Ås.

Verksemda fekk nyleg tilsegn om 14 millionar kroner frå Forskingsrådet.

– Med Måløy Marine Ressurssenter på plass vil det vere lettare å bruke forskingsmidlar lokalt. Det er noko vi ønskjer, slår Humborstad fast.

Per i dag har Ecobait fem master-, bachelor- og doktorgradsstudentar i Måløy, og har planar om fleire ressursar.

– For Ecobait vil Måløy Marine Ressurssenter gjere Måløy til ein meir attraktiv plass å studere, bu og jobbe, seier den daglege leiaren.

Har starta lokasjonsjakta

Måløy Vekst har starta leitinga etter ein passande lokasjon for Måløy Marine Ressurssenter.

– Vi skal etablere eit marint FoU-senter som vil generere mange nye arbeidsplassar innan forsking og utvikling. Vi har nå starta kartlegging av potensielle lokale for eit slikt senter. Vi treng både testfasilitetar, som krev ganske mykje areal, overnattingskapasitet og eit administrasjonsbygg, forklarar Randi Paulsen Humborstad, som peiker på at ein allereie har ei lita utgåve av eit marint ressurssenter i Barstadvika.

– Måløy vidaregåande skule er også ein viktig aktør og vi har store forventningar til samarbeidet mellom Måløy Marine Ressurssenter, MVS og NMBU. Vi trur vi vil ha mange leigetakarar til dette senteret, fordi her er mange aktørar i regionen som driv med forsking i dag.

Humborstad seier det er eit mål å etablere Campus Måløy, slik at det skal bli attraktivt for studentar å kome hit.

– Dette senteret vil trekke til seg unge menneske med høy kompetanse som det lokale næringslivet kan nyte godt av. Og så kan vi jo håpe at nokre av studentane vel å etablere seg i regionen for å jobbe i det lokale næringslivet eller kanskje for å starte sin eigen verksemd.