Bremanger stiller i år med sju lag i First Lego League-turneringa i år. Svelgen, Kalvåg og Hauge oppvekst stiller med to lag kvar, medan Davik oppvekst stiller med eitt.

Oppdraget ungdomsskuleelevane skal jobbe med blei presentert i midten av september, og temaet i år er «Hydro Dynamics», altså vatn i menneska sitt kretsløp.

Elevane har jobba intenst med førebuingar sidan.

Elektroelevar ved Eid vidaregåande skule har mellom anna gitt elevane på 7. og 9. trinn ved Hauge skule og Kalvåg skule innføring i robotprogrammering, og då skuledagen var slutt ville ikkje elevane gå heim.

Niandeklassingane ved Hauge, som deltek for første gang, gler seg stort.

– Vi har jo lyst å slå alle dei andre, men om vi klarer det, det veit vi ikkje! smiler Emilie Førde, Amalie Ytre-Hauge og Oline Strand Senneset, og legg til at First Lego League også er ein kjekk og sosial aktivitet.