Seljumannamessa går av stabelen 2. juli på Selja, der Tor Berger Jørgensen er predikant og Bergen domkor deltek saman med organist Jon Inge Sigerland.

Fredag 30. juni blir det konsert med Bergen domkor i Nordvestvinduet sine lokale i Almenningen. Ifølgje Fjordabladet kom avtalen i stand fordi dirigenten til Bergen domkor, Kjetil Almenning, har bestefaren sin frå bygda.

– Akustikken er det ikkje noko å seie på, så no gler vi oss til Bergen domkor kjem hit i slutten av juni, seier Dag Almenning ved Nordvestvinduet, til Fjordabladet.

I lokala blir det plass til mellom 200 og 300 personar.

– Maskinene blir ståande, det same blir nokre av stablane med materialer. Men vi har sagt at kveldsskiftet kan få ta fri denne kvelden. Det blir stopp i produksjonen og så overlèt vi lokalet til litt andre tonar, seier han.

I tillegg blir det konsert på Hakallegarden i Vanylven og i Selje kyrkje laurdag 1. juli.