Helge Jarl Melheim og Arne Knut Ohrvik reknar med å måtte doble fôrutgiftene i år på grunn av den nasjonale høykrisa.
Helge Jarl Melheim (t.h) og Arne Knut Ohrvik har fôr til dyra fram til nyttår. I verste fall må dei sende dyr til slakt om dei ikkje får kjøpt grovfor innan den tid. Her, på enga til Melheim, skulle det vore ein meter med gras klar til andreslåtten. Foto: Oline Nave