Det skriv rådet i eit brev til helseføretaket.

Brevet er eit svar på høyringa om ambulansetenesta. Dei er klare på at dei ikkje godtek kutt i ambulansetilbodet for Selje kommune.

– I Selje kommune har vi hatt eit godt ambulansetilbod, som har vore ein tryggleik for befolkninga og som har berga liv. Når Helse Førde har gjort endringar på akuttberedskap, krev vi at dette vert kompensert med eit godt ambulansetilbod, heiter det i brevet.

– Det er store avstandar i dette fylket. Vi ser at aukande ekstremvêr gjer det krevjande for helikopter å kunne gje befolkninga i Selje kommune eit tilfredsstillande og sikkert tilbod. Vi registrerer at både Nordfjordrådet, Eid og Selje kommunar har sendt inn uttale til høyring om ambulanseplanen. Uttalene frå desse samsvarar med det Råd for eldre og funksjonshemma i Selje kommune meiner. Vi støttar derfor fullt ut det som eit samla politikarkorps i Nordfjord meiner om den reduksjon av ambulansetilbod som Helse Førde gjer framlegg om for denne regionen, skriv eldrerådet.