Namn: Mathias Endal Tennebø
Alder: 22
Sivilstand: singel
Yrke: student
Bustad: Bergen
– Kva er du mest oppteken av?
– Det eg er mest oppteken av er at det skal bli tilrettelagt for at barn og unge skal kunne vere i fysisk aktivitet. Dette er viktig å ha ein plass ein kan vere saman med vennar samstundes som ein kan få litt mosjon i dagens stillesittande samfunn.
– Kva gjer du på fritida?
– På fritida spillar eg innebandy i Djerv, og i Måløy innebandy når eg er heime på ferie. Her er alle frå ungdomskulen og oppover velkommen på fredagar 16.30.
– Kven beundrar du?
– Eg beundrar pappaen min sidan han står på, og kan få til det aller meste.– Kva er det beste med heimstaden din?
– Det beste med heimstaden min er den flotte naturen og dei kjekke folka. Her kan ein nyte den nydelege utsikta, gå på fjellet, fiske eller ta seg ein fest.
– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?
– Arve skulle berre klippe plena, du vil aldri tru kva som skjedde etterpå. Les heile saka på side 12.
– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?
– Om eg var ordførar for ein dag hadde eg nok klipt et par snorer, og mottatt nokre klagar.
– Kva kulturoppleving hugsar du best?
– Den kulturopplevinga eg hugsar best er tempoen opp Fløyen i sykkel-VM i Bergen.
– Kva har du på nattbordet?
– På nattbordet har eg eit bilete av familien, og ein lampe.
– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?
– I løpet av ein dag er eg innom blant anna Facebook, VG og NRK.
– Kva er meininga med livet?
– Meininga med livet må vere å gjere det kjekkast mogleg for deg sjølv og dei rundt deg.