– Det er veldig kjekt å programme og få ting til å fungere, seier Gard Sande, elev ved Svelgen oppvekst.

Saman med Kristoffer Haugland, Benjamin Myklebust og Sander Rebni har han fått i oppgåve å programmere ein legorobot til å løyse ulike oppgåver til årets konkurranse i First Lego League. Roboten skal hente røyr, opne kranar og sette saman vassleidningar.

Til helga tar dei med seg programmet dei har skrive og håpar roboten oppfører seg slik han skal på Nordfjordeid også der fylkesfinalen i First Lego League vert arrangert 11. november.

Benjamin Myklebust, Sander Rebni og Gard Sande følger spent med på om roboten gjer jobben slik dei har programmert han til.

– Vi bereknar røyrslene til roboten både ut frå tid og rotasjon på hjulet. Og den der er i alle fall bankers, seier Sander Rebni.

Gutane har nettopp sendt roboten av stad for å hente eit røyr. Roboten svingar akkurat i rett augneblink, og gaffelen som er montert i front ventar med å løfte seg til den er på rett plass. No står det berre att å få til resten av oppgåvene, for det er framleis ein del som ikkje fungerer som det skal. Heldigvis skal dei bruke heile onsdag på å gjere alt ferdig.

Betre bruk av vatn

Tema for årets konkurranse er vatn. Laga skal finne betre måtar for korleis menneska finn, transporterar, brukar eller kvittar seg med vatn. På naborommet sit resten av laget. Sofie Svarstad og Jenny Sørgulen synest forsking var meir spennande enn programmering. Dei har derfor hamna på forskargruppa. Problemstillinga dei har valt er eldre sin bruk av vatn. Produktet er ei ny drikkeflaske.

– Vi har lese mange artiklar og har intervjua sjukepleiarane på omsorgssenteret og dei som jobbar på hjelpemiddelsentralen, seier Svarstad.

– Dei seier det er ein god idé og at dei ikkje har noko liknande, seier Sørgulen.

Sofie Svarstad og Jenny Sørgulen ved Svelgen oppvekst har forska på eldre sin bruk av vatn. Dei har mellom anna intervjua tilsette ved Svelgen omsorgssenter.

Dei blir litt løyndomsfulle då Fjordenes Tidende spør meir om produktet. Det er trass alt ein konkurranse dette, og Svelgen oppvekst er med for første gong. Dei har som mål å slå veteranane i Davik, som har vore med elleve år. Davik-elevane har også vunne fleire gonger, i 2011, 2012, 2014 og 2015.

– No er vi klare for å kjempe om sigeren i år også. Vi er ekstra motiverte når så mange frå Bremanger er med, seier Lotte van Oorschot.

Ho er med i Davik si mark-nadsføringsgruppe. Og sjølv om dei ønskjer å slå nykommarane frå dei andre Bremanger-skulane, deler dei også litt erfaring.

– Elevar frå Hauge var her og fekk møte dei som deltok i fjor. Vi delte mange tips og triks, men ikkje roboten vår.

Oorschot lettar også litt på sløret om kva produkt Davik har forska seg fram til i år.

– Vi forskar framleis, men vi jobbar med destillering av vatn. Det finst land som har mykje hav kring seg, og vi vil hjelpe dei med å få både saltproduksjon og ferskvatn frå sjøvatn ved hjelp av solenergi, seier Oorschot.

Når fleire læremål

Gro Myklebust er lærar ved Svelgen oppvekst og set pris på det First Lego League tilbyr.

– Det står mykje om teknologi i kunnskapsløftet. Slike læremål er lettare å nå med eit slikt prosjekt, og arbeidsformene stemmer godt overeins med måla i læreplanen, seier Myklebust.

Davik oppvekst har delteke på FLL i 11 år. Også årets niandeklasse stiller opp med mål om å gjere det best mogleg.

I tillegg til programmering, marknadsføring og forsking, skal elevane levere ein rapport om verdiane dei har lagt til grunn. Elevane set pris på å få jobbe med fag på ein annan måte:

– Det er spennande å få gjere noko anna enn vanleg skule, seier Svarstad.

Vil slå alle dei andre laga

Ved Hauge oppvekst har niandeklassingane besøkt Ryland Vassverk og Elkem Bremanger for å gjere research til produktet eller ideen dei utviklar.

Hauge oppvekst er med i First Lego League for første gang, og er spente. Her er niandeklassingane.

Emilie Førde, Amalie Ytre-Hauge og Oline Strand Senneset frå Hauge oppvekst meiner dei har hatt nytte av å prate med tidlegare og andre deltakarar, men at dei jobbar heilt sjølvstendig.

– Vi held på med dette for oss sjølv, sjølv om vi pratar med dei andre skulane på fritida. Vi har ikkje konkurranseinstinktet på heile tida. Vi gjer dette mykje for moro skuld også, smiler dei, og legg til:

– Vi har jo likevel lyst å slå alle dei andre, men om vi klarer det, det veit vi ikkje!