Nils Myklebust (Sp) meiner at det no er uråd å reversere Stad skipstunnel. – No må vi legge til rette for det ultimate, seier Myklebust.

Mangeårig leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag og noverande lokallagsleiar i Vågsøy Senterparti, Nils Myklebust, har kjempa for Stad skipstunnel omtrent sidan ideen vart lansert på nytt på tidleg 80-talet.

Lokalpolitikaren i Vågsøy seier at det som no er viktig er at ein i samband med utarbeiding av reguleringsplanar verkeleg tenkjer stort.

– Vi er nøydd å teikne inn store fyllingar og vi må overtyde sentrale politikarar at det vil vere viktig for framtidig utvikling og verdiskaping at vi får behalde steinmassane i distriktet. Sjå på Trollebø. Det var ingen ting som «var bestilt» då vi laga fyllinga og no syder det av aktivitet. Nordfjord Havn gjekk med millionoverskot i fjor på grunn av dette, seier Myklebust, som legg til at det som skjedde på Trollebø no også skal skje med ei stor fylling i Barstadvika.

– No må vi tenke stort, og vi må overtyde sentrale styresmakter at steinen ikkje må seljast. At vi treng den i distriktet for å auke aktivitet og verdiskaping, avsluttar Nils Myklebust.

Myklebust har fått med seg at opposisjonen meiner det blir for lenge å vente med oppstart til 2018 og at dei ønskjer at arbeidet skal starte mykje før.

– Dette kan dei ta med i eigne merknader. Og for å vere heilt ærleg så skal dei ikkje høyre eit ilt ord om dei lukkast i å starte før 2018. Det er noko vi i så fall vil kunne leve svært så godt med, seier Myklebust.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.