Neste helg har Måløy Taxisentral og Elvisfestivalen eit prøveprosjekt med taxihaldeplass i Sjøgata ved Rådhuset/Måløy Brygge.

Frå midnatt fram til kl 04.00 fredag og laurdag kan ein stille seg i kø for å få tak i drosje heim frå sentrum.

Kundar utanfor Måløy sentrum vil kunne bestille drosje som vanleg.