Vest politidistrikt opplyser måndag klokka 14.08 at uhellet hende klokka 14.01 i Norsvegen på Nordfjordeid.

Dei første opplysningane var at personen kvelva etter det som politiet kallar ein «nesten-kollisjon» med ein bil på Nordfjordeid.

Klokka 14.31 melder Vest politidistrikt at det likevel ikkje var ein bil involvert i uhellet.

– Personen opplyser at det ikkje har vore nokon bil involvert. Personen kvelva på eiga hand. Blir tatt med i ambulanse til legevakt. Ingen sak for politiet, melder Vest politidistrikt.