Trafikkuhellet skjedde klokka 12.26 ved XXL i Florø.

– Ein bil har sklidd utfor vegen og det var to personar i denne, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt klokka 12.32, og legg til.

– Uhellet skjedde i låg fart. Det er materielle skadar.

Ifølge politiet verkar begge dei to i bilen uskadde.

– Bilen er ikkje til hinder. Det er mogleg å passere.

Politiet rykte ut til staden.