– Vi har rekordmange sponsorar og vi får inn rekordstore summar. Det er mange bedrifter som gir konkrete bidrag i form av pengar og tenestar, og det er mange bedrifter som hjelper oss med ulike ting, forklarar Oldeide.
Festivalen har fått inn dei pengane dei treng, og festivalsjefen er takksam.
– Det verkar som næringslivet har skjønt at vi får ein europameisterskap til bygda, og at det berre er å stille opp, seier ho med eit smil.
Festivalen har sagt til handelsforeininga sine medlemmar at dei vil vere med på å støtte opp om arrangement for å få meir liv også i gata.
– Ingenting er betre enn at det viser i heile Måløy at det er EM og festival.