– Eg har sagt at han skal få den tida han treng for å få oversikt og kjenne seg trygg i rolla. Men eg er klar til å gje frå meg ansvaret når han er klar. Eg er veldig stolt over at ein ny generasjon no skal ta over, seier Rune Stave.

Faren Per starta verksemda i 1974, Rune kom inn på 1980-talet og har leia produsenten av tørrfisk, lutefisk og hundefôr sidan 1995.

– Eg bestemte meg for at all produksjonen skulle inn. Vi hadde mykje tørking ute tidlegare. Produksjon inne førte til mykje meir stabil drift og jamnare kvalitet. Vi har bygd om lag 2.500 kvadratmeter i løpet av desse åra, slik at vi no har 3.500, fortel Rune Stave.

Dette biletet av Per og sonen Rune Stave stod på trykk i Fjordenes Tidende i 1980.

Han vise oss eit avisutklipp frå Fjordenes Tidende i 1980 då han var 18 år og byrja jobbe i familieverksemda. Der står han på kaia saman med faren og saka handla om generasjonsskiftet. Han vil gjerne at vi tek eit tilsvarande bilete på kaia 38 år etter. Far og grunnleggjar Per døydde i 1995. No står Rune her i staden saman med sonen Peder. Det er noko symbolsk ved bileta.

Rune Stave eig i dag 100 prosent av verksemda. Han seier det er den daglege drifta han no vil overlate til neste generasjon. Eigarskiftet vil kome ved eit seinare høve. Han har også to døtrer som er busett i ålesundsområdet.

Per Stave bidreg i kampen mot svolt. Tørrfisk frå Stadlandet blir sendt til Nigeria der det blir nytta som ingrediens i suppe.

Det har gått noko opp og ned med resultatet siste åra, men i 2017 leverte verksemda eit pent overskot på knapt 1,5 millionar kroner før skatt av ein omsetnad på 26 millionar.

Rune Stave seier helsa er ei årsak til at han vil overlate drifta til yngre krefter i ein alder av 57 år.

– Det er betre at han får ta over medan verksemda har sunn drift og ting går bra, enn at vi ventar. Eg vil vere her slik at han kan rådføre seg om han treng det. Eg blir rådgjevar og vaktmeister.

Pakken t.v. er ein eigen merkevare frå Per Stave og samarbeidspartner FineFish.

Peder Stave reiste til sjøs på fiskebåt då han var 15, og gjekk i land frå Godøy-båten Nesbakk»i slutten av november. Han har gått to år på vidaregåande opplæring innan havbruk i Måløy. Peder seier han i første omgang vil konsentrere seg om å lære seg drifta.

– Eg tek det gradvis. Eg må lære meg drifta nede i produksjonshallen. Det går på tørking, luting og kvalitetsvurdering. Så får vi ta ting etter kvart. Vi skal byggje kantine, garderobe og kontor her som skal vere ferdig til jul. Prosjektet har eit budsjett på om lag ein million kroner. Elles har vi høveleg bygg slik situasjonen er no. Men marknaden kan endre seg frå dag til dag, så vi må følgje med og tilpasse oss.

Det 3.500 kvadratmeter store bygget til Per Stave AS ligg karakteristisk i strandsona nedanfor slektsgarden på Stave utanfor Leikanger på veg mot Borgundvåg.