Det skjedde torsdag kveld. Fiskebåten låg i fiske 8 nautiske mil sørvest for Bulandet.
Redningsskøyta Halfdan Grieg vart kontakta klokka 11.30, opplyser skipper Geir Antonsen.
Dei gjekk ut frå Florø og fekk slepar om bord i den nesten 30 meter lange line- og garnbåten.
Antonsen seier til Fjordenes Tidende at det var ingen dramatikk. Dei slepte båten inn til Måløy og var framme ved verftet Verlo i morgontimane.
- Alle dei åtte om bord har det fint, seier Antonsen.
Fanøyvåg er bygd i 2015.