– Vi ønskjer å sjå kvar unge som ein snøkrystall, unik
Kvar søndag gir vi deg eit tilbakeblikk på sakene som har vore på trykk i samband med reportasjeserien «Likestilt» i Fjordenes Tidende. «Likestilt» ser nærare på kvinner sin kvardag i 2018:
Snøkrystallen småbarnehage vart starta av Karina Kjørstad og Mari Henden Nilsen i 2007. Barnehagen fekk nyleg toppscore i Utdanningsdirektoratet si undersøking, og er med det blant landets beste barnehagar. Kjørstad gir dei tilsette æra. – Det er dei som ser foreldra og ungane kvar dag som skal ha den største æra. Det er vi stolte av, seier ho. Her assistent Linda Hjelle (f.v.), pedagogisk leiar Bente Elise Thunem Hjelle og barne- og ungdomsarbeider Else Bjørlo. Foto: Siri Kolseth
Foto: Siri Kolseth