Eit samrøystes finansutval går inn for å bruke 65 millionar kroner på rehabilitering av Måløy vidaregåande skule. Rektoren seier dette viser at politikarane vil satse på den vidaregåande skulen.

– Dette er ei stor gladnyheit. Det har ikkje gått heilt inn kor heldige vi er. Dette har vore eit langsiktig arbeid frå tidlegare rektor Karl Ottar Rundereim og skuleleiinga si side, seier rektor ved MVS, Åsta Navelsaker Røed.

Det var ut ifrå ei tilråding frå fylkesrådmannen at utvalet gjorde sitt vedtak. I tilrådinga står det at eit skisseprosjekt er gjennomført, og at det er B-blokka og C-blokka som skal rehabiliterast.

I B-blokka er det køyretøy og bygg som held til, medan det i C-blokka er verkstadar, teknisk, maritime, studiespesialiserande og labar.

Dei to blokkene er frå høvesvis 1975 og 1986, og under rehabiliteringa vil det vere spesielt fokus på universell utforming og trygge rømmingsvegar. Per i dag er det ikkje heis i C- blokka, trass i at den strekk seg over to etasjar.

Navelsaker Røed meiner vedtaket viser at politikarane vil satse vidare på skulen.

– Eg tenker at dette er eit signal om at politikarane meiner det er viktig å satse på skulen. Det viser også at dei ser at vi har linjer som er viktige for næringslivet og lokalsamfunnet, seier rektoren. Etter planane skal rehabiliteringsprosjektet vere avslutta i 2020.

– Vi bør starte med prosjektering og anbodsinnhenting i 2017, og byggje i 2018–2020. Prosjektet er lagt inn med årlege løyvingar i framlegg til investeringsprogram for bygg, står det i sakspapira.

I investeringsprogrammet går det fram at Måløy vidaregåande skule vil få tildelt 7 millionar i 2017, 27 millionar i 2018, 24 millionar i 2019 og 7 millionar i 2020. I tillegg til at utvalet går inn for at skulen får 65 millionar kroner til rehabilitering er det lagt inn 1,9 millionar kroner til ein gangveg mellom skuleområdet og det maritime bygget.

Investeringa blir no innarbeida i budsjettet og økonomiplanen som vil bli endeleg vedteken på fylkestinget i desember.