<strong>Usikker framtid:</strong> Skjærbuda på Silda har vore ein møteplass for båt- og hyttefolk og fastbuande, men no går buda ei usikker framtid i møte. Eigarane finn verken leigetakarar eller kjøparar til eigedomen. Eigarane, som har lagt ned mykje arbeid i å oppgradere Skjærbuda, har ikkje moglegheit til å drifte buda sjølv. – Det blir ingen arrangement frå vår side. Vi som eigarar har ikkje moglegheit til å drifte buda, seier Per Erling Sætren, som saman med Paul Sætren og Kenneth Svoren eig Skjærbuda.
Foto: Stig Silden