Ove Kjøllesdal er sikker på at oppstart av Kjølsdalen Montessoriskule hausten 2013 er nærmare realisering etter folkemøtet onsdag.

Ove Kjøllesdal er styreleiar for den planlagde privatskulen i Kjølsdalen og han fortel at den opne Montessoridagen onsdag samla godt over 50 personar.

Kjøllesdal fortel at dei frammøtte fekk nærmare to timar med informasjon om Montessoriskular og den pedagogikken som ligg til grunn.

– Etter dette var det servering, mingling og praten gjekk livleg mellom dei frammøtte. Det var også råd å snakke med dei tre frammøtte gjestene våre som var Martine Hestnes Vatland og Eli Tyvold frå Waterland Montessori Norge og med Tor Ove Sjåstad som har ein son som går på ein Montessoriskule, seier Kjøllesdal.

– Eg sit att med eit svært godt inntrykk og eg må seie at eg undrar litt på at den offentlege skulen framleis har kateter og tavle som sine fremste læreriskapar, seier Ove Kjøllesdal.

Han legg til at dei etter møtet er nærmare ei realisering når det gjeld oppstart ti hausten og at tilbakemeldingane frå dei to frå Montessori Norge var at både skulebygg og uteområde var heilt topp med tanke på det som, etter planen, skal skje frå hausten av.

Kjøllesdal fortel at det no er langt betre støtteordningar for privatskular enn det var då Almenning Montessori skule dreiv og han legg til at dei alt har sikra seg lærarar til den planlagde skulestarten.

Les meir i papiruggåva fredag 7. desember.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende