– Eg vil seie at dette er den finaste plassen vi har vore på nokon gong. Vi kom hit og tenkte, er dette himmel på jord? Det er utruleg kult at det er ei scene som ligg ut i havgapet, seier Kjartan Salvesen, ein av dei fire i Stavangerkameratene, og legg til: – Det er den mest unike plassen vi har vore på. Veldig fint med mykje kjekke folk, som tok oss godt i mot.

– Vi er vane med fine strender i Stavanger, men ikkje med flotte fjell rundt, og ikkje så fin og kvit sand, seier Ole Alexander Mæland.

Scena på moloen i Refvik under årets Strandfestival. Foto: Fride Westik

– Når vi kom hit måtte vi bade, det var ei oppleving, seier Salvesen.

– Vi har blitt tatt godt i mot og har fått god mat, seier Tommy Fredvang.

– Til og med eige øl, legg Mæland til.

– Det var etikett med Stavangerkameratene på, det var veldig gøy, seier Kjartan Salvesen.

Kameratane var imponert over den flotte naturen Refvik hadde å by på. Foto: Fride Westvik

– No kjem vi rett frå Tysnesfest. Vi skulle eigentleg til Kristiansand i morgon, men det blei avlyst på grunn av utbrot, seier Mæland.

Stavangerkameratene har ikkje hatt like mange konsertar dei siste åra på grunn av korona. Men meiner likevel at tida har vore ei positiv oppleving.

– I det siste har vi spelt rundt femten konsertar, men på grunn av koronasituasjonen har vi spelt på kulturhus, for alt ifrå tjue til to hundre personar. Men det har vore bra, for vi har kome tettare på publikum, seier Glenn Lyse.

Stavangerkameratene hadde to konsertar på Strandfestivalen i Refvik. Foto: Fride Westvik
Publikum kosa seg på konserten. Mange hadde ikkje vore på konsert på to år. Foto: Fride Westvik

– Ein vellykka konsert er når ein får god kontakt med publikum. Då får vi ekstra energi til å gje alt, seier Tommy Fredvang.

Frå scena sa Stavangerkameratene at dei gjerne vil spele på moloen igjen.

Kameratane seier dei gjerne vil komme til Refvik igjen. Foto: Fride Westvik
Kameratane lagde god stemning på moloen i Refvik. Foto: Fride Westvik