Det har vore planlagt fleire paneldebattar i Kinn i denne valkampen, men ingen har så langt blitt lagt til nordre del kommunen. Det kunne ikkje medlemmane i bygdelaget Aktiv Raudeberg finne seg i.

No har Aktiv Raudeberg bestemt seg for å arrangere paneldebatt i Parken kulturhus måndag 4. september.

– Vi meiner det er viktig at det også er ein debatt i nordre del av Kinn, slik at veljarane også her får ein sjanse til sjå og høyre ordførarkandidatane, seier Ole Mathisen.

Open for alle

Mathisen seier at Parken kulturhus på Raudeberg er ein godt eigna stad for å gjennomføre debatten, som sjølvsagt er open for publikum.

– Eg blir skuffa om det kjem færre enn 50 i publikum. Vi har i alle fall plass til 200 sitteplassar, smiler Mathisen.

Mathisen håpar at flest mogleg kan møte opp for å få med seg debatten, men det er også mogleg å få med seg debatten på andre måtar. Fjordenes Tidende vil nemleg sende direkte frå debatten. Direktesendinga frå debatten på Raudeberg blir tilgjengeleg på både fjt.no og firdaposten.no.

– Kva tema skal de ta opp med ordførarkandidatane under debatten?

– Temaet er korleis dei ulike partia vil gjere Kinn til den beste kommunen i Vestland. Vi vil då ta opp både kommuneøkonomi, helse og sosial, barn og unge, skule, næringskommune og samferdsle, seier Mathisen.

Engasjement

Arrangørane vil også at publikum engasjerer seg med å stille spørsmål til ordførarkandidatane.

– Det vil vere mogleg å stille spørsmål i salen eller ein kan sende inn spørsmål på førehand til debattleiar, som er Erling Wåge, seier Mathisen.

Mathisen meiner at ein paneldebatt vil kunne gjere det lettare for veljarane å gjere seg opp ei meining om kva ein skal stemme på under kommunevalet i Kinn kommune.

– Om ein har tenkt å røyste på førehand, kan det vere lurt å vente til ein har fått med seg debatten på Raudeberg. Med å få med seg denne debatten, vil ein kunne få eit klarare bilde på politikken til dei enkelte kandidatane. I valprogramma står det mykje generelt, her kan ein sjanse til å få meir konkrete svar, seier Mathisen.