– I 2012 las eg ein klimarapport frå Norsk Klimastiftelse som hette «2 grader C». Rapporten la fram nokre scenario om kva som vil skje om snittemperaturen på jorda stig med opptil fire grader. Då går samfunnsstrukturen og eigentleg heile verda, som vi kjenner den i praksis, heilt i oppløysing, seier Norvall Klungresæter som er førstekandidat for SV i Bremanger til kommunevalet i september og legg til:

– Rapporten gjorde eit enormt inntrykk på meg.

Klungresæter var allereie tidleg på 2000-talet vararepresentant for SV i Bremanger kommunestyre, men det er først i siste valperiode han har vore fast representant for partiet.

Forsøkte å etablere eit nytt politisk lokallag

Engasjementet hans for miljøet er såpass stort at han for nokre år sidan forsøkte å etablere eit lokallag av Miljøpartiet dei Grøne.

– Eg fekk ikkje med nok folk til å etablere ei MDG-gruppe den gongen, men eg trivst godt i SV, som eg meiner òg har ein god miljøpolitikk.

Han meiner mangelen på eit langsiktig perspektiv gjer det vanskeleg å halde klimasaka høgt.

– Det kortsiktige profittperspektivet blir i stor grad styrande. Mange føler seg makteslause og tenker «kva kan eg bidra med i den store samanhengen?». Ein endar kanskje opp med å tenke at systemet tar ansvar. Men det er lite som tyder på det, om ein ser på dei norske klimautsleppa, som ikkje ser ut til å gå særleg ned.

I tillegg til klima, miljø og naturmangfald er det tilboda til ungdomen i Bremanger som står nærmast hjartet til Norvall.

– Om Bremanger skal ha ein sjanse i framtida, så er vi nøydde til å legge forholda betre til rette for dei unge. Vi har eit for dårleg utbygd ungdomstilbod. Kanskje skyt eg meg sjølv litt i foten med å seie det, som driftsleiar for kultur og fritid i kommunen. Men det er i alle tilfelle eit faktum. Eit godt kulturtilbod er uvurderleg, også for dei litt eldre.

– Føler du at det å sitte i kommunestyret gjer at du får innflytelse og kan vere med å påverke desse tinga?

– Ja, det kan ein så absolutt. Eg vil ikkje seie at det er mi forteneste om det skjer positive ting, men moglegheita til å påverke, den får du med å engasjere deg politisk. Om ein ikkje trur på nettopp det, så er det ingen grunn til å drive med politikk.

– Kva blir den mest krevjande saka i bremangerpolitikken i den neste valperioden?

– Dei gigantiske utbyggingsplanane for ein hydrogenfabrikk på Holmaneset ved Svelgen blir nok ei krevjande sak. Det står i det politiske programmet vårt at vi skal satse på alternative energikjelder, men at vi i SV lokalt samtidig er imot planane for utbygginga på Holmaneset slik dei ligg føre per i dag.

«Bremanger må byggjast» står det på valheftet til Bremanger SV. – Bygging er ikkje meint i tydinga murstein og plankar. Det handlar om å fylle kommunen med aktivitet og samhandling, seier Norvall Klungresæter. Foto: Gjert Myrestrand

Levande interessert i musikk

Den andre store interessa til Norvall Klungresæter er musikk. Med ei mor som kom frå ein svært musikkinteressert familie i Bergen, blei musikken tidleg ein del av livet. Det blei musikklinja på Firda vidaregåande skule før han i 1982 reiste til Bergen for å utdanne seg innan klassisk gitar på Bergen Musikkonservatorium.

– Under utdanninga var eg var cirka fire år i Bergen og eit års tid i Oslo innimellom. Eg spelte i fleire band som student og hadde ei fin tid i eit flott studentmiljø.

I 1989 opna det seg ei stilling som rektor ved Bremanger Musikkskule, som det heitte den gong, og den jobben ville han ha.

– Eg fekk jobben og reiste heim. Som ein del av stillinga skulle eg vere kreativ og finne på ting i musikkmiljøet i Bremanger. Det var ei fin tid, der eg var med å sette i gang fleire band som gjorde det bra og fekk bra publikum.

Siste utgåve av Klassekampen ligg på stuebordet. – Eg synest det er høg kvalitet på avisa. Dei går nøye inn i mange problemstillingar i samfunnet, seier Norvall Klungresæter. Foto: Gjert Myrestrand

Blir kjent med mange ulike folk

Den høgt utdanna musikaren hadde ei sterkt ønske om å formidle gleda i musikken.

– Eg gjekk nok ganske långt ned i materien, med både musikkteori og mykje anna enn praktisk speling, ler han og legg til:

– Har eg ein forse, så er det nok engasjementet mitt for musikk. Så eg var, og er framleis, levande opptatt av å la andre til å få ta del i dei opplevingane som musikk har gitt meg.

Han håper og trur at han har lukkast med å spreie litt musikkglede.

– Eg jobbar med noko Django Reinhardt-inspirert på gitaren min for tida. Det er litt nytt for meg, men fantastisk spennande. Han var ein verkeleg teknisk begåva gitarist, så det er ikkje enkelt å prøve å kopiere han. Vi får sjå kva det blir til. Men det første målet mitt no er å bli valt inn i kommunestyret igjen. Det er enno mykje eg gjerne vil vere med å få til der òg, seier SV-politikaren.

Han synest lokalpolitikk er kjekt.

– Ein blir involvert i alt som skjer i kommunen, og så blir ein kjent med mange ulike folk. Sjølv om det til tider òg kan vere tøffe tak i bremangerpolitikken, er vi i kommunestyret eit ganske harmonisk og godt lag som jobbar godt saman sjølv om partiboka er ulik. Det set eg veldig pris på, avsluttar han.

Norvall Klungresæter er førstekandidat for Bremanger SV til kommunevalet. Foto: Gjert Myrestrand