Skulebygget er frå 1937, frå tida då Georg Kragseth dreiv privat handelsskule på Nordfjordeid. I 1966 overtok kommunen skuledrifta, og endra namnet til Eid handelsskule, og etter kvart vart skuledrifta flytta.

Bygget som stod igjen har opp gjennom åra vore nytta til både kontordrift, køyreskule, butikk, lager og fysikalsk institutt. Dei siste 20 åra har gamleskulen vore bustadbygg, og har i dag fire leilegheiter i første og andre etasje, og 6–7 hyblar i loftsetasjen, kjem det fram i prospektet.

Det er god plass rundt huset. Foto: Eiendomsmegler Vest

Bygget har 15 soverom, og eit bruksareal på 655 kvadratmeter, fordelt på tre etasjar og kjellar. Tomta er på litt over 1,5 mål. Og prisen for det historiske bygget er 10,8 millionar kroner.

Den gamle handelsskulen har adresse Prestealléen 17. Foto: Eiendomsmegler Vest