Omsetnaden auka til 42,9 millionar kroner, og resultatet før skatt er det beste i selskapet nokon gong. Ein driftsmargin på cirka ti prosent er solid.
– Det er eit greitt resultat og vi er godt nøgd. Men det er der det bør vere om vi ser på bransjetal, seier dagleg leiar Kjell-Gunnar Tennebø.
I 2014 var omsetnaden kring 30 millionar, det betyr ein ganske bratt vekst i løpet av to år.
– Det skuldast i hovudsak satsinga på automasjon. Hovuddelen av omsetnaden kjem frå el-installasjon, men det er ei forholdsvis stabil næring lokalt. Skal vi byrje konkurrere i marknader lenger vekke, blir marginane for små. Vi taper konkurransen mot lokale verksemder på grunn av reisekostnader. Innan automasjon er det råd å tene pengar i ein større marknad sidan vi kan gjere mykje av jobben med software og tavler lokalt, seier Tennebø.
Det er i hovudsak Vågsøy, Selje, Vanylven, delar av Eid og Bremanger som er marknaden innan el-installasjon.
Satsinga på automasjon har ført til fleire nytilsettingar. Dei har fire ingeniørar/teknikarar som er spesialistar på automasjon, i tillegg til fleire ingeniørar innan tradisjonell elektro. Totalt er dei cirka 30 tilsette.
– Vi er også opptekne av å satse på lærlingar. Kvar haust tek vi inn to-tre. Nyleg fekk vi tre nye lærlingar inn i verksemda, ein frå Selje, ein frå Almenning og ein frå Vågsvåg.
Tennebø ynskjer ikkje å seie så mykje om kundane, men det er kjent at verksemda var involvert i store prosjekt som Bryggen Panorama og Lefdal Mine Datacenter i fjor.
Det er Einar Rune Sætren som eig Sætren Installasjon. Familieverksemda har ei historie 100 år tilbake i tid, då elektro var pionerverksemd. Det var bestefaren Einar Sætren som starta verksemd i Måløy i 1928 etter ingeniørutdanning ved Den tekniske mellomskole.
– Han jobba ei stund som lærar i ingeniør Per Drage sin tekniske skule i Måløy. Så var han mellom anna i Drammen og fekk erfaring, før han starta eiga verksemd. I starten reparerte han syklar og produserte varmeomnar.
– Far min Arvid overtok leiinga i 1961, men døydde dessverre berre 48 år gamal i 1980. Verksemda vart seld til NBN Elektro i Florø. Då eg var ferdig utdanna elektroingeniør i 1982-83, byrja eg jobbe for NBN i Måløy. Etter kvart kjøpte eg tilbake avdelinga saman med kompanjong Kåre Solvang. Han pensjonerte seg og selde seg ut i fjor, slik at eg for tida eig 100 prosent.