Foreldre til brukarane av Hove Aktivitetssenter nektar å godta å fjerne tilbod og hevdar det ikkje er ei einaste krone å spare.

Forslaget frå Åse Elin Hole om å stenge Hove Aktivitetssenter enkelte dagar har fått foreldre, føresette og tilsette til å innta barrikadane for å kjempe for eit tilbod dei meiner er svært viktig for brukarane.

Magnar Wik og Leidulf Salt har snart kjempa i 40 år for at sønene Tommy og Ronny skal få gode tilbod å fylle dagane med.

Tommy Wik og Ronny Salt var pionerar og dei første som var fullt ut integrert i barnehage, skule og vidaregåande skule i vårt distrikt.

Med det kom ikkje på plass utan ein stor innsats og masse kjemping av foreldra til dei no 42 år gamle karane.

Salt seier at for 16 år sidan vart Reset Produkter etablert med god hjelp av Reidar Andal frå Måløy vidaregåande skule.

– Det var ein stor dag då vi opna ned på Reset. Mange sa at dette var den største dagen i Selje si historie og så må vi igjen til å kjempe for at borna våre skal få eit meiningsfullt liv, skal kampen aldri ta slutt, spør Leidulf Salt, som legg til at arealet på Reset heldigvis vart i minste laget ettersom talet på tilsette auka og at ein då flytta ned på Holmaneset i Saga Boat sine lokale før ein no har heile gamle Hove skule til disposisjon.

Måndag var foreldre, slekt, føresette og tilsette ved aktivitetssenteret samla for å legge ein felles strategi for bevaring av eit tilbod som for brukarane betyr forskjellen på eit godt liv med faste rutinar og eit liv utan faste haldepunkt og nesten utan innhald og meining.

Heile saka stod i papirutgåva onsdag 5. desember.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende