Statssekretær Kristin Maurstad (Ap) har over hovudet med arbeid, og ho likar det.

Varaordførar Kristin Maurstad i Vågsøy vart oppringt av Trond Giske for vel 14 dagar sidan med spørsmål om ho kunne tenkje seg å overta som statssekretær i næringsdepartementet etter Roger Ingebrigtsen.

Måndag 10 desember var første dag på ny jobb og då var det rett på.

– Vi starta med morgonmøte og når helserunden var gjort og eg var vist rundt i lokala låg det saker på pulten min og venta og då var det rett i arbeid, seier Maurstad.

– Det har vore utruleg interessant og lærerikt, så langt. Eg har vore van å jobbe med næringsspørsmål på regionalt nivå. No er det på nasjonalt nivå og det er ein forskjell seier Kristin Maurstad.

Det er Kristin Maurstad som er statsråd Trond Giske sin «erstattar» i departementet når Giske ikkje er tilgjengeleg.

Når det gjeld arbeidstid er det nok dei som lagar lover om slikt som er aller flinkast til å ikkje følgje dei.

Også Maurstad innrømmer at det er mykje å sette seg inn i, men så lenge ho opplever det som både meiningsfullt og lærerikt er det aldeles greitt.

Maurstad fortel at ho tek med seg saker heim til leilegheita for å kunne bruke tid på sette seg skikkeleg inn i ting.

– Det vil også vere med ein del departementalt lesestoff heim til jul, seier Maurstad, som kjem heim til både jule- og romjulsferie i dag.