– Kiwi tok kontakt med oss allereie i vår for å tilby seg å arrangere grillfest for bebuarane på Kulatoppen. Dei organiserte også levande musikk med Willy Blålid og Elling Bortne. Dei organiserte alt, og vi hadde berre å stille opp, fortel gruppeleiar institusjon Reidunn Øksdal i Vågsøy kommune.

Ho fortel vidare at butikken hadde fått med seg fleire ungdomar som var med og bidrog til ein flott dag for bebuarane.

– Dei var heilt fantastiske. Alle stod på for å lage ein flott dag. Dessverre var vi litt uheldige med vêret, så vi måtte trekke inn, men det vart ein veldig fin dag, seier Øksdal som legg til at det er sjeldan dei får slike tilbod på Kulatoppen.

– Men bedriftene har blitt flinkare å by seg fram for bebuarane på Kulatoppen den siste tida, seier Øksdal, og viser til blant anna JobbPartner og Net Partner sin «jordbærturné».

– Dei var rundt på alle institusjonane i kommunen med jordbær og det som høyrer til, smiler Øksdal.