– Det handlar om å gi noko meir, og at der også er aktivitetar i tida før Malakoff Rockfestival, seier prosjektleiar Sveinung Pile i Nordfjord Action Week.

Konseptet går ut på å samle og synleggjere aktivitetar ein kan gjere i Nordfjord under paraplyen Nordfjord Action Week, både for tilreisande og fastbuande, i veka før Malakoff Rockfestival 19.- 21. juli.

– Det er ei god kopling å samle friluftsliv og festival. Det er gjort fleire plassar, seier Pile.

Mykje folk i regionen

– Det er så mykje folk heime før Malakoff, og dei kjem heim tidlegare enn før, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i Malakoff Rockfestival.

Eid Gatematfestival blir også arrangert 14. juli, så dei trur at det blir mykje folk i Eid denne veka.

– For Malakoff så er dette kjempepositivt. Det er noko vi har snakka om i mange år, å ha noko friluftsrelatert knytt til festivalen. Men vi har ikkje kunne tatt det på oss sjølve, så dette er ei fin løysing, seier Naustdal.

Nytte eigen fjord

I tillegg til at veka blir eit pluss for dei tilreisande til Malakoff Rockfestival, så handlar det like mykje om å synleggjere kva som finst av aktivitetar i Nordfjord, for nordfjordingane.

– Det er litt kjekt å synleggjere mangfaldet. Ein sit kanskje heime og tenker på kva kan ein finne på i Nordfjord, seier Naustdal.

Han får støtte frå Anne von Oorschot i Norway Adventures:

– Vi får førespurnader frå heile verda om kva ein kan gjere her, medan folk her i regionen ikkje tenker så mykje på alt som finst. Nordfjord er ein fantastisk region, seier ho.

– Ja, det handlar om å ta i bruk heile fjorden – ta seg ein tur til Måløy eller Stryn og finne på noko, i staden for å reise langt vekk, seier Naustdal.

Aktivitetar

Surfing, stisykling, hesteriding, zipline, lasertag, guida fjellturar og kajakkpadling blir noko av det ein kan bryne seg på gjennom veka.

– Det er kjekt å skape litt blest om Nordfjord. Det er jo aktivitetar som vi allereie har her, seier Pia Vonheim Vedvik i Scandic Nordfjord.

– Vi har trua på dette, seier Tore K. Karlsen, operativ leiar på Harpefossen Skisenter, som vil lage til zipline på Harpefossen denne veka, i tillegg til lasertag. Fullt utstyr til downhillsykling kan ein leige gjennom Gymmen Scene og studio.

– Og det er mange stiar ein kan nytte i Hjelmelandsdalen, seier Kroken.

Ser gjerne at fleire aktørar blir med

– Vi har tenkt å spele på heile Nordfjord, seier Sveinung Pile, som ønskjer fleire aktørar velkomne.

Oppstartsgruppa i Nordfjord Action Week består no av bedrifter frå Eid, Selje og Bremanger.

Det er Malakoff Rockfestival, Operahuset Nordfjord, Harpefossen skisenter, Norsk fjordhestsenter, Scandic Nordfjord, Stad Surfing og Norway Adventures.

– Vi vil gjerne ha med fleire, seier Pile.

Prosjektet har fått 50.000 kroner i støtte frå det kommunale næringsfondet i Eid og Selje.

– Det er bra at ein ser moglegheitene. Så vil vi sjå om vi treff noko. Det er jo eit pilotår dette her, seier han.

Gymmen Scene og studio blir sentralen for Nordfjord Action Week, og også fylt med aktivitetar denne veka. Med både fotball-VM og Tour de France blir det visingar på storskjerm.

– Så då kan ein til dømes sykle frå indre eller ytre Nordfjord, til Eid, og så kan ein sjå Tour de France på storskjerm i Gymmen, smiler Pile.

I tillegg blir det konsert med Aleks Grey i Gymmen. Informasjon om alle aktivitetane vil ein finne på Facebook-sida til Nordfjord Action Week.