– Det var ei flott mottaking av den færøyske komponisten og musikaren Hanus G. Johansen. Det vart eit veldig godt fokus på Færøyane. Folk var begeistra, seier innehavar av Galleri Frøya i Kalvåg, Karin Flatøy Svarstad.

Ho fortel at folk kom heilt frå Værlandet for å få med seg arrangementet.

– Vi hadde ikkje fleire stolar, så dette var veldig bra med tanke på at det var den første helga i vinterferien.

Programmet bydde på kåseri av Flatøy Svarstad, og Ottar Fyllingsnes som fortalde om kultur, folk og geografi, før Johansen presenterte litt av Jakob Sande-repertoaret sitt.

Det vart også servert kaffi og kaker inspirert av Færøyane.