Sogn og Fjordane er det fylket med minst andel vegadresser og har dårlegast framdrift i landet.

Erik Perstuen, som er direktør i Kartverket, vonar at kommunane som ligg dårleg an, no set av naudsynte ressursar til om-adresseringsjobben.

– Det er gledeleg å sjå at så mange er godt i gang med det viktige og samfunnsnyttige arbeidet med å innføre vegadresser. Men dette handlar ikkje minst om liv og helse, og vi er nøgde først når alle har fått vegadresse, seier han.

Manglande vegadresser kan mellom anna gjere det vanskeleg for ambulansar og andre utrykkingskøyretøy å finne fram.

Nærmare 105.000 nordmenn har fått vegnamn og husnummer, men mange ventar framleis.

Kartverket har i ei årrekkje vore pådrivar for å få innført vegadresser i heile landet. Så langt har 80 prosent av alle hus og eigedomar vegadresser, medan resten berre har ei talrekkje med utgangspunkt i gards- og bruksnummer.

Visste du forresten at heile 47 kommunar i Noreg er heilt utan vegadresser? 43 norske kommunar har full dekning på denne fronten.