– Vi hadde rett og slett ikkje andre val enn å seie opp dei seks i produksjonen. Det var ikkje lenger samsvar mellom inntekter og utgifter, seier dagleg leiar Audun Rossland i Global Enviro.

Global Enviro har produsert avfallskverner med eigne patenterte løysingar.

Det har ført til at organisk avfall kasta inn i kverna eine dagen kjem ut som fullverdig matjord den neste.

I første omgang var det hotell- og institusjonskjøken som var målgruppa. Seinare er fiskebåtar og andre brukarar kome til.

På trass av svært gode tilbakemeldingar på miljøvennlege og framtidsretta løysingar på avfallsproblemet, har ikkje salet vore så godt som ønskjeleg.

Det er det som no gjer at Global Enviro seier opp dei seks i produksjonen.

– Det er sterkt beklageleg at vi vart nøydd å seie opp dei tilsette, men vi hadde ikkje noko val. Hadde vi venta hadde vi ikkje gjort jobben vår, seier Rossland, som legg til at det har vore alt for lange periodar utan produksjon.

– Husleige må vi betale også dei vekene vi ikkje har inntekter. Det går i bølgjedalar. Akkurat no held vi på med fire- fem anlegg, men det har som sagt vore alt for mange og alt for lange periodar utan produksjon, seier Rossland.

Les hele saken i papirutgaven onsdag 6. mars.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.