Ingen skjær i Sogn og Fjordane er prioritert når Kystverket skal setje opp merkestakar på 100 undersjøiske skjær i norsk farvatn.

Merkestakane skal setjast opp i etterkant av kampanjen Merk skjæret som starta i mars, der publikum vart oppmoda til å sende inn forslag til kva skjær som burde merkast.

- Det er berre 100 skjær som får merkestake, så vi måtte kutte med hard hand, fortel korrdinator Thor Messel i Kystverket om kvifor ingen av skjæra i fylket vart plukka ut.

- Det er tilfeldig at det ikkje var nokon i Sogn og Fjordane. Vi vurderte alle forslaga som kom inn frå publikum, og vurderte dei etter kor mange som kom på kvart skjær og grunngjevingane vi fekk inn.

Kystverket fekk inn nesten 1.500 forslag i kampanjen.

- Men vi har framleis alle forslaga i vår database, som vil vere dein del av vurderinga i arbeidet vårt i framtida, seier Messel.

Her kan du sjå kvar dei 100 skjæra som skal merkast ligg