Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen, seier til Fjordenes Tidende torsdag kveld at dei er heilt avhengige av tips eller at vedkomande melder seg.

– Akkurat no har vi lite å gå etter, og vi er interessert i tips. Vi har berre den mørke bilen, og dei to kvinnelege personane som var inne i den bilen å gå etter. Vi skal undersøke vidare på fredag om det er noko videoovervaking i området som kan vere til hjelp.

Politiet har fleire teoriar på kva som har hendt, men har førebels berre forklaringa til guten å gå etter.

– Det er heller ikkje sikkert at vedkomande som skal ha køyrt på guten har merka det. Om det er nokon som kjenner seg igjen i beskrivinga som les dette, og var i området på den tida dette hende må dei ta kontakt med politiet, oppmodar Dahl-Michelsen.

Ulukka vart meldt inn til politiet klokka 18.44 torsdag kveld. Og det var ifølge operasjonsleiaren litt språkvanskar då dei tok imot første melding.

– Vi har no fått opplyst at ulukka hende mellom Gate 4 og Gate 5 ved parkeringsplassen ved Vågsøy ungdomsskole. Guten køyrde på ein elektrisk sparkesykkel då bilen kom bakfrå og køyrde på han slik at han fall av sykkelen.

Operasjonsleiar Dahl-Michelsen seier at sjølve ulukka truleg hende cirka klokka 18.25. Politiet har så langt ikkje fått nokon andre meldingar om hendinga enn det dei har fått frå guten via familien til guten.

– Slik vi har forstått det så langt er det ingen andre som har vore vitne til hendinga, opplyser politiet til Fjordenes Tidende klokka 22.45 torsdag kveld.