– Så vart det Stad Ap sin tur. Facebook-sida vår er stengt, tilliks med veldig mange andre lokalparti over det ganske land. Det er visstnok del av omfattande sabotasje. Vel, vi jobbar på spreng for å få ordna opp. Men inntil vidare får vi bruke eigne kanalar. Så får de berre akseptere ein god del politisk innhald frå meg deg neste to vekene, skriv Sandvik på eigne Facebook-sider.

Det er ikkje berre Stad Ap dette har skjedd med. Dei siste dagane har vi høyrt om fleire Ap-lag som blir utestengt frå eiga side eller Facebook-sida berre forsvinn.

Ifølge NRK Oslo og Viken som nyleg skreiv om  Indre Østfold Arbeiderparti har dette skjedd med fleire lokallag dei siste vekene. Det kan verke som det er mest Arbeidarparti-lag, men det har også skjedd andre parti, mellom anna MDG og Sp, skriv NRK.

Det kan få betydning for oppslutninga, ifølge ein forskar NRK har intervjua.

– Dette kan i verste fall få betydning for den potensielle oppslutninga til nokre av partilaga som er kasta ut av Facebook, seier valgforskar ved Høgskolen i Østfold Harald Borgebund til NRK.

Valkamp i sosiale medium blir berre viktigare og viktigare.

– Når parti forsvinn, tilsynelatande utan gode grunnar, er det med på å svekke ytringsfridomen til desse partilaga, seier han til NRK, og legg til at Facebook-sider som forsvinn kan gjere veljarar skeptiske til partiet.