I invitasjonen til samarbeid kan ein lese at idrettslaget foreslår at kommunen skal bidra med forskotering av spelemidlar og kommunal lånegaranti, samt ei tenestekjøpsavtale.

– Motivet vårt er enkelt. Vi har behov for både symje- og fleirbrukshall, der fleirbrukshallen òg kan romme varierte kulturaktivitetar. Vi har difor arbeidd fram eit prosjekt som løyser behovet ytre del av Stad kommune har både på kort og på lang sikt, står det i brevet som er signert styreleiar i Selje idrettslag, Marilyn Osmundsvåg.

I prosjektet som idrettslaget har utarbeidd saman med Backe Idrettsbygg er det både snakk om ein fleirbrukshall med kulturfasilitetar og ein svømmehall. Sistnemnde noko som kommunen frå før av har vedteke at skal ligge ved Selje skule.

Slik ser ein føre seg at den kombinerte hallen kan bli sjåande ut. Foto: Backe Idrettsbygg

Målet til idrettslaget er ja frå kommunen på deira forslag, både idrettshall og svømmehall på Saramarka, då dei, ifølge Selje IL ikkje vil få større utgifter enn dei allereie har vedteke for rehabiliteringa ved skulen.

– Løysinga vår skal ikkje koste kommunen meir enn det kommunestyret tok høgde for å ta ansvar for dersom eit kommunalt opplæringsbasseng skulle etablerast; om lag 6 millionar kroner i året, står det i brevet.

I planane ser ein både ein idrettshall, eit svømmebasseng og kulturdelen med nedfellbar scene i idrettshallen. Foto: Backe idrettsbygg

Selje IL foreslår eit møte med kommunen 27. eller 28. juni.

Stad kommune ved assisterande kommunedirektør Kristine Dahl stadfestar at invitasjon er mottatt, men vil derimot gjerne ta kontakt for oppfølging i august.