– Milliardæren seier han kjenner eit djupt ansvar for store klimautslepp. No har han funne løysinga i Noreg, skriv NRK Vestland laurdag.

Fabrikken kjem til å bruke svært mykje straum:

– Fabrikken i Bremanger kan åleine trenge meir straum enn elektrifiseringa av nokon av dei største olje- og gassfelta våre, som Troll, Oseberg og Njord. Til saman, skriv dei.

Sjølv om selskapet lovar rundt 35 arbeidsplassar er fleire skeptiske til planane.

Ifølge NRK har tre innleigde, italienske ingeniørar nyleg vore på staden. Dei skal designe fabrikken.

– Dei kan fortelje at det er over 100 personar i gang med prosjektet i Italia, skriv NRK.