Totalt i heile Kinn kommune har 7.063 stemt. Valdeltakinga er på 52,9 prosent.

3.427 personar (48,52 prosent) vil dele kommunen.

3.471 (49,14 prosent), vil halde fram med Kinn kommune.

165 har stemt blankt (2,34 prosent).

Tellekorpset var ferdig å telle stemmene rundt klokka 22.45 torsdag kveld. Foto: Håvar Fagerli

Valstyret presenterte like før klokka 23 eit svært så jamt resultat, som blant anna viser temmeleg laber oppslutnad på sjølve valdagen. Vel 52 prosent må seiast å vere overraskande lågt, gitt interessa for førehandsrøystinga.

Kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen meinte imidlertid at det ikkje var så verst tatt i betraktning at dette ikkje var eit kommune- og fylkestingsval, men ein folkeavstemming.

Vågsøy sa nei til Kinn med ca. 58 prosent

Samla sett for Vågsøy-delen av Kinn er det likevel eit stort fleirtal for deling. Cirka 58 prosent vil dele, medan cirka 40 prosent vil halde fram i Kinn. 2 prosent har stemt blankt.

Noko av det mest oppsiktsvekkjande er kanskje resultata frå Måløy på valdagen. Der enda det med eit klart fleirtal for å halde fram med Kinn, med 49,58 mot 45,05 prosent blant dei som røysta på sjølve valdagen. Også i Skavøypoll krins var det eit knapt fleirtal for Kinn på sjølve valdagen. Medan det i Raudeberg krins var eit klart resultat for deling blant dei som stemte på valdagen.

Totalt blant dei som stemte på valdagen i Måløy-området sa 48 prosent ja til Kinn og 47 prosent nei til Kinn.

Men blant dei 2021 førehandsstemmene var fordelinga 61,6 prosent for å dele opp og 37,1 prosent for å halde kommunen samla.

Fleirtal for å bli i i Kinn i Florø

I Florø, blant dei som røysta på valdagen har 61,29 prosent sagt ja til Kinn, medan 34,7 prosent har gått for ei deling.

Samanhalde med førehandsstemmene viser resultatet i Florø-delen at cirka 56 prosent vil bli i Kinn medan cirka 44 prosent vil dele opp.

– Vi har bede folket om eit klart råd. Det har vi dessverre ikkje fått, seier Høgres gruppeleiar Arlene Vågene.

Foto: Kinn kommune

Det har kome meldingar frå valstyret om at valet er så tett at det kan bli snakk om ei ekstra oppteljing i løpet av morgonen fredag.

Resultatet av folkerøystinga vil gjere onsdagens kommunestyre endå meir spennande enn kva ein hadde venta.

– Vi tek ei avgjerd onsdag. Så må vi faktisk vidare. Jobben vår er å yte gode tenester til innbyggjarane våre, seier Arlene Vågene.

– Eg vil berømme alle som har brukt røysteretten sin. Men resultatet gjer det endå meir krevjande å vere folkevald, og det vil garantert bli meir støy. Heilt ærleg så er eg drit lei av denne saka, sa ein lettare oppgitt Jacob Nødseth (V).