Etter eit nesten fem timars diskusjon torsdag kveld har Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre og Sosialistisk Venstreparti i Bremanger blitt einige om ei politisk plattform som legg opp til eit samarbeid mellom desse partia i kommunestyreperioden 2015 – 2019, skriv partia i ei pressemelding.

Til saman har partia 16 av dei 23 representantane i kommunestyret.

Espen Sortevik (Ap) blei som forventa Bremanger sin nye ordførar.

Kåre Jarl Langeland (V) får posisjonen som varaordførar. Den politiske veteranen kan bli god å ha for nykommaren Espen Sortevik.

Plassane i formannskapet har dei delt slik mellom seg:

Arbeidarpartiet – 2 mandat

Høgre – 2 mandat

Venstre – 1 mandat

I avtala mellom partia er ein einige om følgjande punkt, skriv partia:

1. Dei fire partia ynskjer å understreke det klare fleirtalet i det nye kommunestyret for støtte til det alternativet for Kystvegen Måløy – Florø som har det største potensialet for positive, langsiktige regionale og lokale verknader.

2. Dei fire partia ser fråflytting og folketalsnedgang som kommunen si største utfordring, og ynskjer eit sterkt fokus på kommunen si rolle som «tilretteleggar» for å få etablert nye arbeidsplassar.

3. Dei fire partia ynskjer meir politisk påverknad enn kva dagens politiske organisering av kommunestyret i Bremanger gjev.