Halvårsrekneskapen for Fjord1 viser eit overskot på 31,1 millionar kroner.
Til samanlikning hadde selskapet eit overskot for tilsvarande periode i 2014 på 16,9 millionar kroner, ifølgje ei pressemelding.
Slipper fengsel for fyllekjøring med barn i bilen
Med eit halvårsresultat på 31,1 mill. kr i 2015 leverer Fjord1 eit resultat som, korrigert for salsgevinstar i 2014, er 40 mill. kr betre enn for tilsvarande periode for 2014.
– Den gode resultatframgangen skuldast mellom anna betre styring og inntening i kontraktane, fortel administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.