I dag starta rettssaka i Borgarting lagmannsrett der Bremanger kommune kan hente inn igjen over 121 Terra-millionar frå Danske Bank.

Kommunen vant første runde i Oslo tingrett, men Danske Bank anka, og det er ankesaka som no skal behandlast i lagmannsretten dei neste åtte dagane.

Saka handlar om dei såkalla derivatavtalane som blei inngått av kommunen i 2006-2007. Desse risikofylte verdipapira kan svinge med inntil 10 millionar kroner i månaden, og gjer det umuleg for Bremanger å ha kontroll over økonomien.

Så langt bokfører dei tapa, og totalsummen står per 31. desember i 121,5 millionar.

Det var dåverande rådmann som endra kommunen sitt finansreglement slik at det opna for kjøp av slike høgrisikoopsjonar der ein spekulerer i framtidig rentenivå.

Men rådmann Tom Joensen kan likevel ikkje sjå korleis Bremanger skal kunne tape ankesaka.

– Saka har ikkje endra seg frå tingretten der vi vann, og eg kan heller ikkje sjå at det har kome fram nye moment frå motparten. Så vi meiner vi har ei god sak. Desse avtalene er ulovlege. Banken burde ha forstått at dei ikkje skulle inngå slike, sa Joensen nyleg til Fjordenes Tidende.