Pål Anders Ullevålseter kjem sundag til Kalvåg for å halde kurs i motorsport.

- Kurset er for born i alderen 5-12 år. Kurset vil bestå av grunnkurs og køyreteknikk, samstundes som det vil vere mykje leik og moro, seier Harry Gulestøl i motorsport-klubben i Kalvåg.

- Det er viktig når ein har med born å gjere at der er element av leik og moro innan trygge rammer, fortel han.

Det er ikkje kven som helst som skal halde kurset. Pål Anders Ullevålseter er ein av norges fremste motorsportutøvarar, og har mellom anna vunne VM i ørkenrally. Likevel var han ikkje vanskeleg å be då Gulestøl spurte om han ville halde kurs for dei yngste motorsport-entusiastane i Kalvåg.

- Han kjenner godt til motorsport-miljøet, er til stades og er oppteken av rekrutering. Då eg ringde for å høyre om kan kunne halde eit kurs her, var det ikkje vanskeleg å få til, fortel Gulestøl.

Han oppmodar også publikum til å kome for å sjå på når Ullevålseter held kurs på motorsportbana sundag.