Resultat frå ei undersøking i vinter viser at næringslivet er lukne til Nordfjord vekst.

Vekstselskapet er eigd av Vågsøy, Selje og Eid og næringslivet, og skal jobbe med næringsutvikling og folkevekst.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane viser tilbakemeldingane frå undersøkinga gjort i desember, at selskapet får eit snitt 2 på ein skala frå 0 til 5 på alle spørsmåla.

Styreleiar Geir Arne Solheim viser til at vekstselskapet har fått nytt styre, ny dagleg leiar og tilsette sidan undersøkinga var gjort.

- Nordfjord Vekst er eit unikt samarbeid her og det har tatt tid før det har gått seg til. Det er eit nytt team som skal forvalte dette framover, seier Solheim til NRK.

Også Eid-ordførar Alfred Bjørlo ser forbetringspotensiale i vekstselskapet, men har fått med seg eit samrøystes kommunestyret på å halde fram i selskapet. Administrasjonen i Eid peikar på at det ikkje er oppretta eit kontaktpunkt i Eid, dårleg samhandling og dårlege rutinar på informasjonsinnhenting.