Vassføringa kan auke raskt i små og middels store elver. Dette kan føre til lokale oversvømmingar og erosjonsskadar. Faren for flaum kan endre seg raskt.

Det er venta store mengder nedbør torsdag og fredag.

Ifølge yr.no er det frå tidleg torsdag kveld til tidleg fredag kveld venta mykje regn i ytre strøk av Vestland, 60-100 mm i løpet av 24 timar.

Enn så lenge er ikkje vinden på sitt aller sterkaste, sjølv om det på Kråkenes allereie bles 30 meter per sekund i kasta. I Måløyområdet er det meldt stiv kuling fra sørvest med vindkast på opptil 28 m/s.

Om du vil følge med på vinden på Måløybrua kan du sjekke Fjordenes Tidende sine webkamera, og du kan også laste ned appen Vindvarsler og følge med på vindstyrken i sanntid.

På Nordfjordeid er det oransje varsel og det er venta mellom 80 til 120 mm i løpet av 24 timer, og det kan vere fare for overvatn i tettbygde område.

Det er også sendt ut farevarsel på gult nivå med tanke på skredfare.

– Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vatnføring er spesielt utsette, skriv yr.

Faren aukar frå torsdag ettermiddag, og minkar laurdag morgon.