Politiet opplyser tysdag kveld klokka 21.31 at det kjem røyk frå taket på to-tre naust.

– Det skal ikkje vere folk i nausta, og det er ukjent om det blir oppbevart båtar der, opplyser Vest politidistrikt.

Klokka 21.48 opplyser politiet at naudetatane er framme på staden.

– Det brenn kraftig på staden, og heile naustrekkja står i fare for å brenne ned. Det er ikkje fare for spreiing til hus slik situasjonen er no. Det er ikkje meldt om skade på personar, melder politiet.

Sjå direktesending lenger nede i artikkelen. Foto: Fjordenes Tidende sitt webkamera

Klokka 21.56 melder Vest politidistrikt at dei evakuerer store delar av Nordfjordeid sentrum.

– Politiet evakuerer eit treningssenter, taxisentralen og dei næraste bustadane på grunn av mykje røyk, melder Vest politidistrikt.

Det er oppretta ei tryggingssone på 100 meter.

Politiet opplyser at der er uavklart om det er båtar og eventuelt propan som er oppbevart i nausta.

Fjordenes Tidende sitt webkamera sender direkte frå brannen på Nordfjordeid: