Kinn kommune presenterer den nye kultursjefen på heimesida si.

– Det var fleire gode søkarar til stillinga som kultursjef, men Anita utmerka seg som den beste kandidaten seier kommunalsjef Rolf Bjarne Sund.

Solbakken har master i organisasjon og leiing, og cand. Mag. i offentleg politikk og administrasjon. I tillegg har ho mykje erfaring frå kommunal forvaltning, mellom anna på integreringsområde, men spesielt innan kulturfeltet.

Solbakken har mellom anna vore kultursjef i Flora og Bergen kommune tidlegare.

Etter å ha vore vekke frå Kinn i fleire år, kom Solbakken tilbake til Florø for om lag eitt og eit halvt år sidan. Då blei ho tilsett i Kinn si prosjektavdeling, med ansvar for å leie prosjektet for ny omsorgsinstitusjon i Florø.

– Eg vil heim til kulturen. Og eg gler meg veldig til å ta fatt på arbeidet, seier ho.

Solbakken tiltrer i stillinga 1. mai i år, men ho må først fullføre andre oppgåver i kommunen.

Ronny Silden Totland vil halde fram som konstituert kultursjef fram til denne datoen.

Anita Solbakken (t.v) har hatt ansvaret for å leie prosjektet for ny omsorgsinstitusjon i Florø. Her er ho med då helse-, sosial- og omsorgsutvalet var omvisning på omvisning av den nye fløyen på Kulatoppen før den blei tatt i bruk. Foto: Kjellrun Åsebø