– Dette er ei viktig sak og eit veldig fint arrangement. I tillegg er det ei god anledning for bedrifter og tilsette og samlast, seier Christian Carlson i Sea Technology.

I februar 2022 bestemte arbeidskameratane i Sea Technology, Måløy verft, Baug Boats og EasyForm seg for å gjere Veten opp-løpet til ein intern konkurranse i bedriftsgruppa si. Og etter eit vellukka løp i fjor, stiller dei på startstreken for Rosa sløyfe-aksjonen i år også.

– Målet er at vi skal få med fleire bedrifter i år slik at vi kan skape litt konkurranse mellom bedriftene, seier Carlson.

– Kan bidra meir

Målet er også sjølvsagt å samle inn meir pengar til Kreftforeininga.

Carlson ser for seg at bedriftene stiller med eitt eller fleire lag med tre til fem deltakarar. Og det blir snittida på deltakarane som avgjer plasseringa.

– Vi har føreslått at kvar bedrift som melder seg på legg inn mellom 3.000 og 5.000 kroner i potten, avhengig av storleiken på bedrifta. Verksemda som vinn får donere heile summen til Kreftforeininga frå si bedrift, forklarar han.

Carlson rosar Måløy Treningssenter for arrangementet dei har laga til i samband med Rosa sløyfe-aksjonen.

– Det har blitt eit veldig bra arrangement med mykje aktivitet både med løp og aktivitet i gata. Så då må også bedriftene klare å stille opp for saka og arrangementet, seier han, og held fram:

– Når halve Måløy går på fjellet kvar dag, så må vi klare å stille opp når det faktisk kjem ein konkurranse med substans.

Han lovar at det blir lag frå Sea Technology, Easy Form og Måløy Verft på startstreken.

Fordel for bedrifter og aksjonen

Torill Eide Tennebø ved Måløy treningssenter håpar på god oppslutnad rundt Veten opp-løpet og arrangementa elles denne dagen.

– Vi har hatt arrangementet på same måte i over ti år, så vi vil gjerne gjere ein litt annan vri. Men det vil sjølvsagt også i år vere mogleg å stille som enkeltperson både i mosjon- og konkurranseklassa. Så håpar vi i tillegg at fleire bedrifter blir med, seier Eide Tennebø.

Ho peiker på fordelar både for bedriftene og aksjonen.

– Dette er eit mål og ein dag dei tilsette i bedriftene kan jobbe saman mot, noko som gir både auka fysisk aktivitet og meir sosialt på arbeidsplassen. Ein kan til dømes gå fjellturar i lag i forkant, føreslår Eide Tennebø.

Ho fortel at det 30. september, i tillegg til dei tradisjonelle aktivitetane, vil bli aktivitetar på senteret med gruppetimar, mellom anna familietabata.

– Vi på treningssenteret brenn for fysisk aktivitet, og vi vil gjerne gje folk moglegheit til å vere fysisk aktive og samstundes støtte ei god sak.