– Vi ber folk sjekke fortøyinga til båten og sikre lause gjenstander i strandsona, skriv dei.

Konsekvensar av høg vasstand kan vere skadar på instratruktur og bygningar som ligg i strandsona.

– Seint fredag kveld er det venta høg vasstand. Uvissa i varsla vasstand er 5-10 cm, og varselet gjeld for kyst- og fjordstrøk i Sogn og Fjordane, skriv Yr.

Under ei stormflo i 2020 såg det sånn ut Kaibutikken i Måløy. Den gong låg butikken heilt nede på kaia.

Fredag blir det elles sydleg bris på kysten, og i fjellet periodevis stiv kuling, kan hende sterk kuling ved Stad. Det blir regnbyer, og i ytre strøk utrygt for torden fredag kveld.

Laurdag er det meld periodevis stiv kuling utsette stader, og frå laurdag morgon liten kuling, som kjem opp i frisk bris om kvelden. Det blir skyer og regnbyer, og kan hende torden natt til laurdag.

Søndag blir det vestleg pris som seinare snur til sydleg. Det blir spredde regnbyer og frå formiddagen stort sett opphald og periodar med sol.