– Vi er veldig godt fornøgde. Det har blitt gjort ein kjempestor jobb for å løfte noko så mykje som vi har fått til der, seier kyrkjeverje Dag Henrik Nygård i Kinn.

Arbeidet starta i mars og sidan den gong har heile murkyrkja frå 1960 blitt skrapa og måla, alle vindauga er pussa og olja, eitt vindauge er bytta, ein har gått over alle nedløpa på takrennene, ein har fuga opp ein del vindauge og ein har fått opp rekkverk på trappa utvendig.

Ein har også lagt ned ein stor innsats med å skrape vekk gamal måling frå tårnet.

Og det er det lokale firmaet Norgeshus Stormbygg AS som har gjort jobben.

– Vi har fått utruleg mykje positive tilbakemeldingar frå folk i området. Kyrkjene betyr mykje for folk, seier dagleg leiar Bjørnar Gangsøy.

Fasaden til Nord-Vågsøy kyrkje var sliten og hadde gule flekkar og måling som flassar av. Foto: Gjert Myrestrand
I dag står kyrkja på Raudeberg fram som eit praktbygg. Foto: Julie Larine Nygård Itland/Norgeshus Stormbygg

Oppdrag i sør og nord

Norgeshus Stormbygg stod også for rehabiliteringa av Sør-Vågsøy kirke i Måløy.

– Vi er veldig fornøgde med å samarbeide med Stormbygg. Dei har også vore med oss på arbeidet på Sør-Vågsøy kirke og i Norddalsfjorden. Det er kjekt når vi kan bruke lokale firma, seier Nygård.

– Det har vore spesielle oppdrag for oss. På Sør-Vågsøy kirke, som er ei gamal trekyrkje, har det vore mykje arbeid som måtte utførast på gamlemåten. Nord-Vågsøy kyrkje er ei nyare murkyrkje med sine utfordringar. Det har vore to ulike oppdrag, men felles for dei er at det har vore mykje arbeid i høgda, seier Gangsøy.

Han er godt fornøgd med resultatet både i Måløy og på Raudeberg.

– Dette er to godt synlege bygg, som no igjen står fram som praktbygg i sine område.

Kosta rundt tre millionar

Det var sett av tre millionar kroner til arbeidet på Nord-Vågsøy kyrkje og Nygård fortel at sluttsummen på oppgraderinga er i nærleiken av dette.

– Eg må få skryte av lokalpolitikarane som har løyvd pengar til at vi kan vareta vårt ansvar med å halde kyrkjene ved like. Kommunen er forplikta til å gjere det, men vi set pris på at dei har sett behovet. No når vi har gjort dette vedlikehaldsarbeidet var vi vore opptatt av å gjere det skikkeleg, slik at det skal halde lengst mogleg, seier Nygård, og held fram:

– Dette er ei storstove for ei heil bygd og det er eit signalbygg for området. Då må desse bygga behandlast deretter og med verdigheit.

I samband med gudstenesta i Nord-Vågsøy kyrkje 22. oktober vil det bli ei markeringa av at renoveringa er ferdig.